Livsgledebarnehage og grilling
Valestrand barnehage har vorte ein Livsgledebarnehage, og det inneber at dei skal ha eit samarbeid med Osterøytunet.
Frå tidlegare har me hatt faste treff minimum ein gong i månaden, noko me skal halda fram med.
Onsdag 11. mai var det grilling som stod på planen, kor store og små kosa seg i sola.
Neste besøk vert 08. juni. Kanskje til plantedag i drivhuset?



