top of page
Barnehagelunsj på Osterøytunet
Småbarnsavdelinga ved Valestrand barnehage var på besøk til Osterøytunet onsdag denne veka for å lage til lunsj for pasientane. Det vart servert blomkålsuppe, sang og mykje liv og røre frå dei små. Det var ikkje vanskeleg å sjå kor hjarteleg velkomne dei var.
Fram til sommaren vil barnehagegjengen komme ein onsdag i månaden for å ha kjøkkendag, kor dei lagar til forskjellig lunsj og inviterer annakvar gong pasientar frå 1. etg og 2. etg.
Me ser fram til desse dagane og håpar og trur det er eit positivt tiltak både for
dei unge og dei gamle.

1

2

4
bottom of page