top of page
Ledig lokale for frisør på Osterøytunet

 

Osterøytunet er ein moderne sjukeheim bygd i 2004, som ligg på Hauge i Osterøy kommune.
Institusjonen er organisert i 7 grupper med 66 einsengsrom, og på kvar gruppe bur det vanlegvis mellom 9 og 10 pasientar.
Vegg-i-vegg med sjukeheimen ligg Bufellesskapet, med 16 leilegheiter.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Frå juli 2016 har me ledig eit lokale som i dag nyttast av frisør på tysdagar. Me ser derfor etter ein sjølvstendig næringsdrivande frisør med fagbrev/ sveinebrev, som dessutan liker å arbeide med eldre menneske og har gode kommunikasjonseigenskapar. Du må kunne arbeide på Osterøytunet ein fast dag i veka.

 

Kostnadar med lokale og forbruksmateriell dekkast av Osterøytunet mot at pasientar og bebuarar får rimelegare frisørtenester. Det kan bli aktuelt med tidlegare oppstart på avtala om ønskjeleg.


Om dette høyres interessant ut, ta kontakt med einingsleiar Nina Kvamme snarast:

Tlf. 5619 2500 eller på e-post: nina.kvamme@osteroy.kommune.no.

bottom of page