
"Ein må tru på det gode for å kunne gjera det."
Besøksven på Osterøytunet
Røde kors besøksteneste
Frå hausten 2018 har vi inngått eit samarbeid med Røde kors besøksteneste, og oppmodar interesserte til å ta kontakt gjennom dei.
Røde kors har kurs for besøksvener og dannar eit nettverk med fleire frivillige.
Kva me søkjer:
FRUKOSTVERT
Vi søkjer frukostvertar som kan stille opp på helg. Arbeidet vil bestå i å dekke på bordet, smøre mat, koke egg (og kanskje steike ein omelett?), ete frukost i lag med pasientane og personalet, og rydde av bordet.
BESØKSVEN
For tida er det 2-4 pasientar som ønskjer besøksven. Kva kan ein finne på? Gå på tur, spele spel, drikke kaffi og slå av ein god prat..
FØLGJESVEN
Vi treng og fleire som kan vere med som følgje i taxi når pasientar på Osterøytunet og bebuarar frå Bufellesskapet skal til lege, tannlege og liknande. Det er ikkje bindande, og ein bestemmer sjølv frå gong til gong om det passer. Vi har ei SMS-teneste for dette. Ein vil da få ein SMS med førespurnad, kor ein svarar ja eller nei på om ein kan følgje.
Ta kontakt med Monica Sandnes på telefon 56 19 25 50 eller ved å sende en melding i kontaktboks under: