Brukarundersøking OT 2016
Sektor Helse, omsorg og sosial vil i løpet av hausten gjennomføra ei ny brukarundersøking ved Osterøytunet.
Den førre undersøkinga for målgruppa vart utført våren 2013.
Undersøkinga går både til pasientar og pårørande /verje.
I løpet av september får pasientar tilsendt informasjon og spørjeskjema med frankert svarkonvolutt. Dei som ønskjer intervju får tilbod om dette frå ein nøytral person. Pårørande / verje får tilsendt informasjon og spørjeskjema med frankert svarkonvolutt. Det vert også høve til å svara elektronisk.
Me vonar også, no som sist, på ein høg svarprosent. Me ser fram til å få innsyn i viktig informasjon som skal nyttast til å vidareutvikla kvaliteten på tenestetilbodet ved Osterøytunet.
Sektor Helse, omsorg og sosial vil komma tilbake med rapport når undersøkinga er gjennomført.
Med helsing
Kristin Ruud Myking
Konstituert leiar sektor Helse, omsorg og sosial.